-- 20101115-fra-NAV-Melding-om-vedtak-RLH.html   --- BREVENE ( ekstern ) --- NAV-brevene-index.html ( ekstern ) --- dbn.html  ( ekstern ) ---        

Kopi / avskrift - RLH:   


Ikkje offentleg  
Fra:
NAV Vindafjord,
Helgevoldgården,
Postboks 3,
5589 Sandeid

Til:
Hansen, Rune Leander
Årvik,
5568 VIKEBYGD

Søknad av:        Arkiv:  10/528 - 5 / Sakshandsamar: LDF     Dato:  15.11.2010


Melding om vedtak


Søknad om krisehjelp og stønad til straumrekning
Hansen, Rune Leander, født: 06.12.1955  


Bakgrunn for saka:

Rune Hansen har over lengre tid hatt økonomiske problem, hovudsaklig på grunn av høge bidragstrekk. Då han ikkje har pengar til mat, og ikkje får ny utbetaling av trygd før 20. november, søkjar Rune om krisehjelp. Han søkjer også om støtte til straumrekning på 520,- og ved.


Vedtak:


Med heimel i Lov om sosiale tenester i Nav § 18 vert det vedteke følgjande:

1. Krisehjelp med kr. 900,00,-  per månad for perioden 11.11.2010 til 19.11.2010.
Pengane vert utbetalt kontant til  søkjar. Budsjettpost:  14711 1415 2810

2. Stønad til straumrekning. Avslag.

Med heimel
i Lov om sosiale tenester i Nav § 19 vert det vedteke følgjande:

3. Stønad til ved. Avslag.

((side 2 av 3:))

Grunngjeving:

Nav Vindafjord har fått informert av Rune Hansen at bidragstrekka hans syntes å minke førre månad, og Rune lurte på kva som var grunnlaget. Førre månad var det ca. 3000,- meir utbetalt i trygd. I samband med dette undersøkte Nav Vindafjord med Nav Innkrevjing, og fekk vite at Rune no har nedbetalt si bidragsgjeld, og at Runes bidrag framover vil bli på 8410,- kvar månad. Med ei trygd på ca. 28 000,-, skattetrekk på ca. 5000,- og bidragstrekk på 8410,-, vil Rune då vidare framover ha utbetalt ca. 14 500,- kvar månad. Dette gjer at han får utbetalt nesten det dobbelte av det han har hatt tidligare.

Rune har husleige på rundt 1500,-, og straum på ca. 1000,-, i tillegg til at han skal ha livsopphald på 5197,-. Dette utgjer omtrent 7700,- i månadlege laupande utgifter. Med ca. 14 500,- utbetalt, minus 7700,- i utgifter har Rune ca. 6800,- til overs. Nav Vindafjord meinar då at Rune Hansen vil kunne klare å betale straumrekninga si på 520 kroner sjølv. Med eit slikt beløp til overs kvar månad, etter at dei laupande utgiftene er betalt, meinar Nav Vindafjord at Rune også bør kunne klare å dekkja kjøp av ved.


Vilkår:

I følgje Lov om sosiale tenestar i Nav § 20 kan det stillast vilkår for ytingar. Desse vilkåra pliktar søkjar å følgje opp. Manglande oppfølging av vilkåra kan mellom anna få konsekvensar i form av stopp eller reduksjon av sosialhjelp.

Kommunen gjer krav i stønad frå NAV for same periode og same formål som det er utbetalt økonomisk sosialhjelp.


Til søkjar vert det stilt følgjande vilkår:
*   Ved endringar i inntekt, formue, butilhøve, sivil status og liknande, pliktar søkjar straks å gje melding til NAV.
*   Det vert sett som vilkår at du sender meldekort når du er arbeidsledig, og at du tar imot arbeid / kurs som NAV tilbyr
*   Søkjar pliktar å møte til avtalte samtalar ved NAV-kontoret.
*   Søkjar skal sette fram søknad om bustønad, samt skrive under på transporterklæring, jf. Husbankloven § 23.


Vurdering:
Då Rune Hansen ikkje har pengar til mat og ikkje får neste trygd utbetalt før 20. november, ser Nav Vindafjord det som rimeleg å yte Rune Hansen krisehjelp til mat.

Klagerett:
Dette vedtaket kan du klaga på. Klagefrist er tre veker. Klage vert å senda Nav Vindafjord, postboks 3, 5589 Sandeid. Klagen vert endeleg avgjort av Fylkesmannen dersom kommunen opprettheld sitt vedtak. Nav-kontoret kan hjelpa deg å skriva klagen.

((side 3 av 3:))

Sandeid, 15.11.2010


Laila Thorsen                                      Linda Dehlin Fluvåg   (( + underskrift ))
Leiar NAV                                           Sosialkonsulent



---


Adresse:
NAV Vindafjord,       Telefon:  815 81 000. Fax:  520 48 711.   E-post:  nav.kundesenter.rogaland@nav.no
Helgevoldgården,
Postboks 3,
5589 Sandeid
---