-- 20110117-fra-NAV-Melding-om-vedtak-RLH.html
--- BREVENE
( ekstern
) --- NAV-brevene-index.html ( ekstern
) --- dbn.html ( ekstern
) ---
Kopi / avskrift - RLH:
Dette brevet med "Melding om vedtak" ankom meg pr. post 24.01.
2011.
Ikkje
offentleg
Fra:
NAV Vindafjord,
Helgevoldgården,
Postboks 3,
5589 Sandeid
Til:
Hansen, Rune Leander
Årvik,
5568 VIKEBYGD
Søknad
av: Arkiv: 11/18 - 3 / 11/18
Sakshandsamar:
KMA Dato: 17.01.2011
Melding om vedtak
Søknad om økonomisk
nødhjelp
Hansen, Rune Leander, født: 06.12.1955
Bakgrunn for saka:
Søkjaren, Rune L. Hansen, er
separert og bur på eige gardsbruk i Vikebygd. Søkjaren er
ufør og har trygd som si inntekt. Hansen er i ein vanskeleg
økonomisk og sosial situasjon, med manglande midlar til mat og
nødvendige personlege artiklar. Han søkjer, pr. faks, om
økonomisk nødhjelp og økonomisk stønad til
betaling av rekningar frå Statens innkrevingssentral.
Vedtak:
Med heimel i Lov om sosiale tenester i Nav § 18 vert det vedteke
følgjande:
1. Krisehjelp med kr. 500,00,-
for perioden 13.01.2011 til 18.01.2011.
Pengane vert utbetalt kontant til
søkjar - sin konto: 35352062357.
Budsjettpost: 14711 1415 2810
2. Økonomisk
stønad til
betaling av gjeld - Avslag
Grunngjeving:
((side 2 av 3:))
Etter føresegna i Lov om
sosiale tenestar i NAV er det som hovudregel ikkje plikt til å
yte stønad til dekning av gjeld. Økonomisk stønad
etter loven skal ikkje tilgodesjå kreditorar, men dekkje
søkarens behov for hjelp til livsopphald. Søkjaren
oppmodast om å ta kontakt med NAV Vindafjord for økonomisk
rådgjeving.
Vilkår:
I
følgje Lov om sosiale tenestar i Nav § 20 kan det stillast
vilkår for ytingar. Desse vilkåra pliktar søkjar
å følgje opp. Manglande oppfølging av vilkåra
kan mellom anna få konsekvensar i form av stopp eller reduksjon
av sosialhjelp.
Kommunen gjer krav i stønad frå
NAV for same periode og same formål som det er utbetalt
økonomisk sosialhjelp.
Til søkjar vert det stilt følgjande vilkår:
*
Ved endringar i inntekt, formue, butilhøve, sivil status
og liknande, pliktar søkjar straks å gje melding til NAV.
*
Det vert sett som vilkår at du sender meldekort når
du er arbeidsledig, og at du tar imot arbeid / kurs som NAV tilbyr
* Søkjar pliktar å møte til avtalte samtalar
ved NAV-kontoret.
*
Søkjar skal sette fram søknad om bustønad,
samt skrive under på transporterklæring, jf. Husbankloven
§ 23.
Vurdering:
Denne søknaden er konkret og
individuelt fundert med grunnlag i Lov om sosiale tenester i NAV og
alminnelege nødrettsbetraktningar. Ettersom søkjars
økonomiske situasjon med manglande midlar til mat er dokumentert
prekær, ser NAV Vindafjord det som rimeleg å yte
økonomisk nødhjelp fram til søkjar får
utbetalt trygd. Dette i tråd med alminnelege
nødrettsbetraktningar.
Med dette vedtaket fylgjer ein
vurdering av tidlegare økonomisk nødhjelp som er utbetalt
til Rune L. Hansen.
Etter alminnelege
nødrettsbetraktningar har sosialtenesta eit generelt ansvar for
å yte akutt, livsnaudsynt hjelp i form av sosiale tenestar i
spesielle akutte situasjonar. Ein gjennomgang av søkjars
nødhjelpsutbetalingar det siste halve året visar at
søkjer har fått utbetalt økonomisk nødhjelp
i 5 av dei 6 siste månadene med ein totalsum på kr. 6400,-.
Denne tendensen taler mot at det her er snakk om spesielle akutte
situasjonar etter alminnelege nødrettsbetraktningar. Når
søkjar ser at han stadig kjem i slike akutte situasjonar
må han gjera grep for å forhindre at det skjer igjen, til
dette kan NAV Vindafjord vera behjelpeleg i form av økonomisk
rettleiing.
Om forholdet ikkje endrar seg, vil NAV
Vindafjord i framtida vurdera å gje økonomisk
stønad til Rune L. Hansen som lån. Dette i tråd med
gjeldande føresegn i Lov om sosiale tenaster i NAV.
((side 3 av 3:))
Klagerett:
Dette
vedtaket kan du klaga på. Klagefrist er tre veker. Klage vert
å senda Nav Vindafjord, postboks 3, 5589 Sandeid. Klagen vert
endeleg avgjort av Fylkesmannen dersom kommunen opprettheld sitt
vedtak. Nav-kontoret kan hjelpa deg å skriva klagen.
Sandeid, 17.01.2011
Laila
Thorsen
Knut Møller (( + underskrift ))
Leiar
NAV
Sosialkonsulent
---
Adresse:
NAV Vindafjord, Telefon: 815
81 000. Fax: 520 48 711. E-post: nav.kundesenter.rogaland@nav.no
Helgevoldgården,
Postboks 3,
5589 Sandeid
---