-- 20090403-spesialistvurdering.html --- Dr-Tungesvik-index.html ( intern ) --- BREVENE ( ekstern ) --- dbn-rlh ( intern ) ---
(Kopi / avskrift: RLH, 07.04. 2009.)
Dr. Hans Olav Tungesvik
Spesialist i psykiatri
Boks 25, 5594 SKÅNEVIK
e-post: hans.olav@tungesvik.net
Mobiltlf. 480 75 235
Skånevik, 03.04.09.
Spesialistvurdering
Vedrørande Rune Hansen, f.061255 379 93, adr.: 5568 VIKEBYGD Vindafjord
Rune Hansen har i tida 15.10.08-26.03.09. vore til 3 samtalar på underskrivne psykiater sitt kontor.
Han
fortel at han alt for 30 år sidan fekk diagnosen schizofreni, noko han
sjølv heile tida har vore usamd i, og i tillegg til å søkja hjelp for
aktuelle problem han har i familien, vart han tilvist til underskrivne
for å få ei vurdering av nemnde diagnose.
Gjennom dei 3
samtalane underskrivne har hatt med Rune Hansen, har det ikkje vore
mogeleg å påvisa psykotiske ymptom eller trekk. Rune Hansen har ein
særeigen personlegdom, og han vil vel av mange lett bli vurdert som ein
"bygdeoriginal". Han har spesielle interesser som ikkje er vanlege hos
gjennomsnittsnordmannen, og han har ein livsstil og ei livsform for seg
og familie som er avvikande frå folk flest. Mellom anna har han i ei
årrekkje drive heimeundervisning for borna, og dei har no i alt 10 born
i alderen frå 22 til 1 år.
Etter at Rune Hansen hadde vore til
første samtale 15.10.08, vart det avtala ny samtale ei veke etterpå.
Denne dagen, som var 22.10.08, kom det imidlertid telefon frå
Politivakta i Haugesund, som melde at Rune Hansen ikkje kunne koma til
den avtalte samtalen, då han for tida sat i arresten i Haugesund. Ved
neste samtale 19.03.09, kunne han fortelja at han få dagar tidlegare
var komen ut frå Åna fengsel, der han hadde sete i varetekt i 5
månadar, angiveleg på grunn av drapstruslar mot ektefellen. Sjølv
benektar han at han har kome med slike truslar.
Underskrivne har
ikkje hatt samtalar med andre familiemedlemer, bortsett frå at han
hadde med seg døtrene Frøydis og Stauba på 14 og 12 år under samtale
her 19.0309. Det var to stillferdige og smilande jenter, som
underskrivne berre helsa på utan å intervjua dei om heimesituasjonen.
For
å kunna få eit nokolunde dekkande inntrykk av den reelle situasjonen i
familien, ville ein samtale med ektefellen Trude vore på sin plass, men
det har det til no ikkje vore høve til.
I samtalane med Rune
Hansen har det til no ikkje vore mogeleg å påvisa psykotiske symptom.
Karakteristiske trekk ved diagnosen schizofreni er hallusinasjonar,
først og fremst på hørsel, der pasienten i mange tilfelle gir uttrykk
for å høyra stemmer som ikkje er reelle. Mange med
schizofreni-diagnosen gir også uttrykk for det ein på fagspråket vil
kalla influens, oppleving av innverknad frå krefter utanfrå på
tankegang og erfaring. Vrangførestellingar, spesielt av paranoid type,
er og eit vanleg symptom ved schizofreni. Andre familiemedlemer enn
Rune Hansen sjølv, har det ikkje vore høve til å snakka med, men i
samtalen med Rune har det så langt ikkje vore mogeleg å avdekka
vrangførestellingar. For å få ei meir objektiv vurdering her, ville det
vera behov for å snakka også med ektefellen. Umiddelbart gir Rune
Hansen eit truverdig inntrykk.
Ei emosjonell avflating er vanleg
ved fleire former for Schizofreni. Det har ikkje vore mogeleg å påvisa
slike trekk. Tvert om er Rune Hansen kunnskapsrik, engasjert og ein vel
orientert person, som har klåre oppfatningar og vurderingar av dei tema
som kjem fram i samtalen.
Konklusjon:
Ut frå 3 samtalar med Rune Hansen åleine, kjem det ikkje fram
openberre psykotiske symptom, verken av schizofren eller annan art. Det
synest å vera grunnlag for å oppheva den tidlegare påførte
schizofreni-diagnosen. Rune Hansen har derimot ei rekkje særeigne
karaktertrekk som ikkje fell inn under psykoseomgrepet.
Skånevik 03.04.09.
Hans Olav Tungesvik
spesialist i psykiatri
(+ underskrift)
---