-- 20090910-Spesialisterklaering-dr-Tungesvik-RLH.html         --- BREVENE ( ekstern ) ---

Kopi / avskrift, RLH pr. 14.09.2009: Kopi av originalen ankom meg i dag pr. e-post ifra advokat Brynjar Melings kontor.


Side 1 av 2:


Dr Hans Olav Tungesvik
Spesialist i psykiatri
Boks 25, 5594 SKÅNEVIK
e-post: hans.olav@tungesvik.net  
Mobiltlf. 480 75 235

Skånevik, 10.09.09.                    

Spesialisterklæring


Vedrørande Rune Hansen, f.nr. 061255 ***** (rlh: anonymisert), adr. 5568 VIKEBYGD, Vindafjord

Det blir vist til Spesialistvurdering herfrå av 03.04.09 ( ekstern ), der det vart konkludert med at det etter 3 inngåande samtaler med Rune Hansen ikkje hadde vore mogeleg å påvisa psykotiske symptom eller trekk. Det vart peika på at Rune Hansen har ein særeigen personlegdom, men det vart ikkje sett nokon annan diagnose på hans tilstand då. Konklusjonen i erklæringa var at det synest å vera grunnlag for å oppheva tidlegare schizofreni-diagnose, men at Rune Hansen har ei rekke særeigne karaktertrekk som ikkje fell inn under psykoseomgrepet.
Underskrivne har seinare fylgt med i ein del av det arbeidet Rune Hansen har gjort i samband med anke av dom i Haugaland tingrett avsagt 08.05.09 ( ekstern ) vedrørande dagleg omsorg og samværsrett med felles born.
Rune Hansen har i denne tida vore svært aktiv og produktiv med omsyn til skriftleg dokumentasjon og vurdering av det som gjeld ankesaka og forholdet til ektefelle og born. Han har sendt mange skriv i form av e-post til sin advokat, Brynjar Meling, og ei rekkje av desse skriva har blitt sendt i kopi til underskrivne.  I stigande grad har eg blitt merksam på at Rune Hansen har valt ein ordbruk og formuleringar som inneber sterke karakteristikkar både av tidlegare ektefelle, av hennar advokat og av fagpersonell på ulike nivå som har vore inne i saka. Formuleringar og ordval har vore så særeigne at det synest vera grunnlag for å karakterisera ein del av dette som paranoid.
Ut frå samtale med Rune Hansen 08.09.09 gir han klårt uttrykk for at dei fleste av desse formuleringar er uttrykk for hans eigentlege meining, og at det derfor ikkje fell naturleg for han å moderera noko på dette. Han innser at det kunne vera mogeleg å få sagt noko av det same med andre ord, men han er redd for å svekke alvoret i situasjonen slik som han opplever han.
Av ord og vendingar som underskrivne har påpeika og gitt han råd om å finna alternativ til, er t.d. fylgjande:
"Motparten  har ikke villet forholde seg anstendig til lov og rett og fakta, og har heller ikke villet ha likeverdige forhold. Men har latt seg styre av, og har styrt andre med hysteri, lovstridigheter, løgn, frykt og fristelser."

"Ingenting av alt dette som motparten iherdig på kriminell vis forsøker å frarøve barna og familien, går hos far tapt eller er til skade for noen. Den kriminelle trussel fra Iren K. Hebnes, leder for den kommunale barneverntjenesten, er ikke og skal ikke være basis for noe annet. Iøvrig ville noe annet ha vært en videreføring av trakasseringen og terroren fra Iren K. Hebnes."

"Motpartens psykiske og moralske svakheter, som barna er skadelidende under, er ikke hensyntatt. Hennes naturlige ønske om å ha barna i sin nærhet gir seg mange egoistiske, lovstridige og umoralske uttrykk. Dette har skadet og skader både far, barna og familien."

Side 2 av 2:

Utan at underskrivne kjenner formuleringar og ordval i det som Rune Hansens eks-ektefelle sin advokat, Trond Hjelde har uttala og gjort i saka, ville underskrivne finna det svært overraskande om det var grunnlag for slike formuleringar frå Rune Hansen si side:
"Han har sjikanert, latterliggjort og hånet de største verdier, som om det er en lek og ubetydeligheter det hele dreier seg om"  "Advokat Hjelde har slik styrt og styrer Trude nokså fullstendig, efter eget hode og forgodtbefinnende - til stor skade og ødeleggelse for hele familien og hver enkelt i familien og til stor skade i forhold til lov og rett og samfunn. Trude følger redd, slavisk og fristet advokat Trond Hjeldes oppskrift. Som en marionett, som en dukke. Han styrer Trude med skremsler, frykt, løgn og fristelser."
Dette er utvalde avsnitt frå Rune Hansens 16-punkt notat med tittelen "Det rette fokus" ( ekstern ).
Dette er datert 04.09.09.
Gjennomlesing av dette notatet gir meg som fagperson assosiasjonar til WHO sin internasjonale klassifikasjon av sjukdomar og skader frå 1992, der det under personlegdoms- og åtferdsforstyrringar hos vaksne mellom anna heiter under diagnosen F 60.0 Paranoid personlegdomsforstyrring:
"Personlighetsforstyrrelse kjennetegnet ved overdrevet følsomhet for krenkelser, manglende tilgivelse ved fornærmelser, mistenksomhet og tilbøyelighet til å forvrenge erfaring ved å oppfatte andres nøytrale eller vennlige handlinger som fiendtlige eller hånlige ..... en kamppreget og innbitt holdning til personlige rettigheter er vanlig."
Det synest vera rimeleg samsvar mellom den omtale av tilstanden F 60.0 og dei uttrykksformer Rune Hansen nyttar i sine ulike notat. Det er såleis grunn til å frykta at hans språkbruk ytterlegare ville kunna svekka tilliten til hans evner til å fungera som far. Dette er imidlertid ikkje underskrivne si vurdering, snarare kan det vera eit formildande omstende at han - når han møter ytre motstand i tema som for han er svært viktige - kjem i skade for å bruka ord og vendingar som ligg langt unna hans veremåte og arbeidsmåtar i det daglege livet i heimen og i høve til borna.
Underskrivne har hatt samtalar med 3 av borna, Idun, Frøydis og Stauda, og dei uttrykkjer der mange positive ting i tilhøve til far.  No er det ei kjent sak at Frøydis og Stauda har budd hos far i nokre månadar, og underskrivne har ikkje blitt kjent med noko som skulle tyda på at dei lir overlast eller har blitt påført negative fylgjer av å bu hos far. Men det er eit faktum at dei får nokså einsidig påverknad ved å vera så og seia berre saman med far som vaksenperson, jamvel i det som gjeld skulegang. Sidan ektefellene har skilt lag, ville det vera svært ynskjeleg å finna løysingar som kunne medverka til at borna fekk romsleg samvær med begge foreldra, det kunne t.d. skje ved at nokre av borna bur permanent hos mor og nokre permanent hos far. Så kunne dei som bur med mor, få faste samværsordningar med far, og dei som bur hos far, få faste samværsordningar med mor.  Sidan foreldra bur såpass langt frå kverandre, vil truleg ei ordning med delt omsorg og halve tida hos kvar av foreldra vera vanskeleg å gjennomføra i praksis.
Konklusjon.
Jamvel om Rune Hansen synest å ha ei personlegdomsforstyrring med paranoide trekk, er det ut frå underskrivne psykiater si vurdering ikkje grunnlag for å seia at han er ueigna som omsorgsperson for borna sine.  Han har ei rekkje positive eigenskapar som kan nyttast til å tilføra borna gode livsverdiar.

Skånevik, 11.09.09.

Hans Olav Tungesvik  ( + underskrift )


---