--- Denne side:  Side-007-Hekseboken-2008.html  

<----- Forrige side ( ekstern ) ----- Index-Hekseboken-2008.html ( ekstern ) ----- Neste side: ( ekstern ): ----->   

Saksframlegg til Fylkesnemnda for sosiale saker i Rogaland ---> Side 7 av 41:
Utskrift: 05.12. 2007        
---
             
---

Dokumentasjon: 270607 Brev fri Steinerskulen

260907 Kontrakt, barneverntenesta i Vindafjord


FAMILIEN SIN HISTORIE


Begge foreldre er opprinneleg fri Trøndelag, Trondheim. Det er 13 år i aldersforskjell mellom ektefellane. Eldste guten, Balder, vart fødd når mor var 17 og eit halvt år. Dei har budd ein rekkje stader i landet. I folkeregisteret er det registrert at dei på siste del av 1980 talet har vore usett i Tustna i Møre og Romsdal. Dei flytta vidare til Skaun i Sør Trøndelag rundt 1990. Her budde dei fram til 1995 då dei flytta ein kort periode til Amli i Aust Agder, for dei flytta vidare til Rindal i More og Romsdal. I 1996 flytta dei til Sveio i Sunnhordland for dei i 1998 flytta til Høylandet i Nord-Trøndelag. I 2002 kom dei til Ølen kommune som sidan 2006 har vore ein del av Vindafjord kommune. Rune Hansen har på sine nettsider gjort greie for flyttingane til familien. Her vert det blant anna vist til "kommunal terror og trakkasering" som grunnlag for flytting frå nokre av kommunane.


Dokumentasjon: Desember 2001 Vedr. flyttingar & biografi etc, Rune Hansen


I Skaun kommune var det store konfliktar mellom Rune Hansen og den kommunale administrasjonen både i forhold til skulefaglege spørsmål og relatert til omsorgssituasjonen. Dyrevenimyndigheter var og involvert. I avisomtale i Adresseavisa 22. mai 1995 vert det referert at to av barna går rundt og et på same mat som grisene får.


Familien busefte seg på eit småbruk på Tindeland i bygda Vikebygd i Ølen/ Vindafjord kommune i 2002. Dei har her til like med tidlegare kommunar ikkje sendt barna sine på skulen. Dei to yngste barna er fødd etter flytting hit. Dei barna som har vore over grunnskulealder har ikkje gått på vidaregåande skule. Dei to eldste barna, Balder og Idun flytta i løpet av 2006 ut av heimen og har etter den tid prøvd seg i vidaregåande skule. Jfr elles om Gudmund sin skulegang nedanfor.


Barna har blitt fødd i heimen med far som "jordmor".


På eigedomen i Vikebygd har dei ikkje gardsdrift i tradisjonell forstand. Dei sel ikkje vekstar eller husdyrprodukt. Dei dyrkar imidlertid ein del bær og andre vekstar til eige bruk. Barneverntenesta oppfattar det slik at det er ein relativt liten produksjon. Det same gjeld produkt fri fjørfe.


Familien lever av far si uforetrygd, netto ca 24.000,-/månad samt barnetrygd som mor mottar med om lag kr 6800,-/månad


Dokumentasjon: 200706 Vindafjord Trygdekontor, informasjon

Rune Hansen

200706 Vindafjord Trygdekontor, inforrnasjon

Trude M. Hansen


Familien bur nå på eit gardsbruk i Vikebygd i Vindafjord kommune. Dei bur i ein utkant av bygda som har nokre hundre innbyggjarar. Det er ikkje tradisjonell gardsdrift på eigedomen. Familien har noko fjørfe, bier samt at far har fortalt at dei ønskjer å gjera eigedomen om til eit arboret. Bustaden er liten i forhold til den store familien. Det er ikkje vatn eller toalett i bustaden. Dei har eit eldhus på eigedomen der dei opplyser at dei vaskar kler, badar og varmar opp vatn. Når Idun budde heime hadde ho rom i eit uthus som vert kalla ”snekkerbua”. Dei skal ha hatt innlagt vatn i bustaden tidlegare, men vasken skal ha gått tett og dette er ikkje blitt ordna. 





---






---


<----- Forrige side ( ekstern ) ----- Index-Hekseboken-2008.html ( ekstern ) ----- Neste side: ( ekstern ): ----->  

---