--- Denne side:  Side-010-Hekseboken-2008.html  

<----- Forrige side ( ekstern ) ----- Index-Hekseboken-2008.html ( ekstern ) ----- Neste side: ( ekstern ): ----->   

Saksframlegg til Fylkesnemnda for sosiale saker i Rogaland ---> Side 10 av 41:
Utskrift: 05.12. 2007        
---
             
---


          260107 Uttale Politiet


Far har i følgje farmor vokse opp i ein heim der (dei) ikkje har vore opptatt av religion. Far har etterkvart blitt meir og meir opptatt av ulike religiøse tema. Mykje kan knytast til det vi kan lesa i det gamle testamentet i Bibelen. Men han trekkjer og inn den norrøne gudstru samt religiøse forestillingar frå Asia. Dette gjeld i samtalar med andre og i hans dagboksnotat. Eit tema går særleg igjen og det er det fjerde bodet; "Du skal hedra din far og din mor". Dette har vore særleg aktualisert i samband med at Balder og Idun har flytta ut frå resten av familien.


Dokumentasjon: 070907 Sakkyndig utredning, Kirsten Westlye


Det viser seg og ved Gudmund sin skulegang ved Steinerskulen hausten 2007. Far argumenterer her for at § 32 i barneloven, barn over 15 år sin rett til val av skule, er i strid med det fjerde bodet.


Dokumentasjon: 081007 Rune Hansen, avskrift av møtereferat m/kommentarar


MOR


Det føreligg mindre opplysningar om mor. Mor har i kontakt med barneverntenesta og andre offentlege instanser hatt ein meir tilbaketrukken rolle. Mor er og frå Trøndelag. Ho har ein del kontakt med si mor. Mormor har og vore ein del på besøk hjå mor og hennar familie. Mor har og ein halvbror. Det er ukjent om mor har kontakt med han og sin far.


Mor har fødd 9 barn. Balder vart fødd før ho fyllte 18 år. Siste barn er fødd i 2006. Det er ikkje kjent at mor har hatt arbeid utafor heimen. Mor har i møte uttalt at ho kjenner seg sett ned på fordi ho ikkje har nokon utdanning. Ho har og uttalt at ho ikkje kjenner seg akseptert av si eiga mor fordi ho ikkje har tatt utdanning. Fødslane skal ha skjedd heime med far som fødselshjelpar. Så langt vi kjenner til utan profesjonell hjelp. Vi er heller ikkje kjent med om mor har hatt legeoppfølging i svangerskapa. Vi kjenner til at ho har hatt nokre besøk hjå jordmor ved siste svangerskap. Mor skal ha hatt blødningar ved fødsel. Ho er derfor blitt råda til å fø på sjukehus, på ny nå ved siste fødsel i 2006. I følgje melding mottatt i oktober 2007 skal mor vera gravid på ny i 3. månad.


Dokumentasjon: 020806 Uttale Jordmor

050607 Referat mote v/Steinerskulen

070907 Sakkyndig utredning, Kirsten Westlye

261007 Melding


Det er slik at begge foreldre er ansvarleg for den omsorga barna får. Det har vist seg at ved dei høva mor møter barneverntenesta aleine går ho på mange måtar inn i far sin rolle. Dette gjeld t.d. i januar 2006 der ho viser ein svært aggressiv haldning overfor barneverntenesta. Ho står fram som einig med far i dei fleste spørsmål. Unntaket er om det skal vera kontakt med Balder og Idun samt om Gudmund skal få gå på Steinerskulen. I samtalar/møter kan ho framstå som ganske hektisk og opphissa. Det vert ikkje tatt omsyn til om det er barn i nærleiken. Dette kjem særleg tilsyne ved den situasjonen i januar der far vart innlagt ved psykiatrisk avdeling og ein prøvde å få mor i tale. Barneverntenesta var så bekymra for mor og hennar evne til å ivareta seg sjølv og barna at dei fekk henne vurdert av lege.


Dokumentasjon: 080107 Journalnotat







---






---


<----- Forrige side ( ekstern ) ----- Index-Hekseboken-2008.html ( ekstern ) ----- Neste side: ( ekstern ): ----->  

---