--- Denne side:  Side-201-Hekseboken-2008.html  

<----- Forrige side ( ekstern ) ----- Index-Hekseboken-2008.html ( ekstern ) ----- Neste side: ( ekstern ): ----->   

Saksframlegg til Fylkesnemnda for sosiale saker i Rogaland ---> Side 11 av 41:
------        
<---
             
 

krava i opplæringslova. I § 2-1 står den generelle plikta oppført. Vidare har § 2-13 ein referanse til §§ 1-2,1-3,2-3 og 2-4 i lova med forskrifter som gjeld så langt reglane ikkje kjem i strid med Norges folkerettslege plikter.

Heimeundervisninga må ut frå dette i hovedsak følgje dei same læreplanane som offentlege grunnskolar. Kommunen sitt tilsyn må derfor omfatte ei vurdering av om krava vett innfridde for dei aktuelle elevane. Derfor saknar me noko dokumentasjon frå deg når det gjeld dette. Men me går ut frå at du har gjort deg tankar om dette sidan du slår fast: "Føresetnadene for heimeundervisning er til stades". --­Me vil be om at det i samband med nytt tilsynsbesøk frå deg til hausten vert tatt inn nokre fleire punkt i rapporten til kommunen.


Tilsyn med heimeundervisning , Ølen kommune v/Marta Straume datert

04.10.03.

--- Tilsyn vart etter ønskje frå Ølen kommune utført tidleg i haustsmesteret 2003, dato 23.09.03. Tilsynet var i heimen. Alle feimiliemedlemmane var til stades.


Generelt: Eg gjorde familien kjend med innhaldet i brevet dykkar av 04.06.03. Dei kommenterte innhaldet i brevet slik.

"Vi set oss høge mål for undervisninga . Vi tenkjer ikkje på livet som fagområde og undervisninga er prega av samanheng. Vi orienterer oss mot Steiner-pedagogikk og Montessori -skulen sine prinsipp for læring. Når det gjeld KRL-faget så les vi i Bibelen og orienterer oss mot de store religionane. I undervisninga bruker vi i stor grad også andre bøker og hjelpemidler enn lærebøkene i dei ulike faga. Barna får undervisning i musikk og dei fleste går på musikkskulen. Alle har tilgang til datamaskin og internett.


Heimeundervisning er likeverdig med opplæring i offentleg skule og friskular. Heimeundervisning har sitt særpreg og har same målsetjing som opplæring i skule: ganglege og sjølvstendige menneske i heim og samfunn.--

Ved fylte 15 år bestemmer den unge sjølv over val av livssyn og utdanning. Det må ein også sjølvsagt ta omsyn til når ein vurderer heimeundervisning. I dei siste 10 åra har vi også i Norge fått erfaring med kor effektiv heimeundervisninga er. Det gjeld både fagleg og sosialt. Ikkje alt kan vegast og målast. Det beste i menneskelivet grlipper gjerne for mål og vekt. Det viktigaste born lærer er det dei lærer om seg sjølv. Å vera trygg på seg sjølv og sin verdi og å ha håp og mål for framtida er heilt grunnleggjande for å bli gagnlege og sjølvstendige menneske i heim og samfunn. Heimeundervisninga til familien Hansen har dette som grunnmur og praksis i tillegg til den faglege opplæringa.


Konklusion: Føresetnadene for heimeundervisning er heilt klart til stades.


Tilsyn med heimeundervisning Ølen kommune v/ Marta Straume datert. 23.05.04.

Tilsyn vart utført 22.05.04. Alle familiemedlemmene var til stades.


Familien Hansen har hatt heimeundervisning i om lag 10 år. Undervisninga deira er mykje prega av handlingsboren kunnskap. Borna deltek i arbeid i kvardagen, etter som dei veks til har den enkelte oppgåver og ansvar som dei meistrar. Mykje undervisning også i teoretiske fag som t. d. matematikk er knytt til praktisk arbeid. Undervisning og -læring skjer også gjennom samarbeid, og ved at dei yngre lærer av


11



---> 

---


<----- Forrige side ( ekstern ) ----- Index-Hekseboken-2008.html ( ekstern ) ----- Neste side: ( ekstern ): ----->  

---