dei som er eldre. Familien har heile tida ulike kunnskapsprosjekt. Oppgåver på garden gjer samarbeid naudsynt. Alle har uvanteg store kunnskaper om naturen og om korleis ein kan nytte plantar.
Opplæringa er prega av trivsel og tryggleik.
Borna får opplæring der teori og handlingsboren kunnskap utfyller kvarandre. Føresetnadene for heimeundervisning er heilt klart til stades.
Tilsyn med heimeundervisning, Ølen kommune vIMarta Straume datert 06.09.05
--- Etter avtale med familien Hansen vart tilsyn for vinterhalvåret 2005 utført ved besøk i heimen 12.08.05. Alle familiemedlemmene, også dei to som nå er ferdige med grunnskoleopplæringa si, var til stades.
Generelt om heimeundervisninga:
Familien Hansen har eit pedagogisk grunnsyn som ein kan kalla naturleg læring. Mange heimeundervisarar må i USA og Australia deler dette synet. opplæringa er for ein stor de/ knytt til at borna deltek saman med vaksne og born i ulik alder i arbeid og kvardagsliv. Opplæringa har ein heilskap og knytt til livet i familien.
Sidan sist tilsyn har Rune, Balder og Gudmund vore på reise gjennom Europa og Tyrkia. Dei køyrde gjennom Danmark, Tyskland Austerrike, Italia og Hellas til Tyrkia, og tilbake gjennom dei sama landa.----
Konklusjon:
Føresetnadene for heimeundervisninga er framleis til stades. Skulesjefen kan vurdera om tilsynet kan reduserast til ein gong i året og elles ved aktuelle behov.
Kommentar frå Ølen kommune til Marta Straume i samband med tilsynsrapport 06.09.06 datert 16.12.05.
---- Når det gjeld den faglege vurderinga i rapporten din frå September 2005, ser me at dei 3 barna i grunnskulealder har stor aktivitet og mange ulike aktiviteter for læring. Sjølv om me ikkje ut frå rapportane dine kan vurdera i kva grad desse barna får kunnskaper som tilsvarer måla i dei ulike læreplanane, har me tatt til orientering din konklusjon om at føresetnadene for heimeundervisning er til stades.
Likevel vil med dele med deg ei uro for sider ved barna si læring og utvikling. I læreplanverket for den 10-årige grunnskulen står det på side 15. Innledning:
”Opplæringens mål er å ruste barn, unge og voksne til å møte livets oppgaver og mestre uffordringer sammen med andre. Den skal gi hver elev kyndighet til å ta hånd om seg selv og sitt liv, og samtidig overskudd og vilje til å stå andre bi.”
Barna si utvikling på det sosiale området opptar leiarar i kommunen, og me har ut frå din tilsynsrapport ikkje fått svar som gjer at me kan leggje bort uroa me kjenner på. Blir dei rusta til å møte livet utanfor heimen si ramme? Vert dei i stand til å meistre utfordringar dei fleste menneske møter som vaksne i samspell med andre menneske i samfunnet?
Når me stiller dess spørsmåla til deg, er det både fordi dei er relevante i høve til opplæring, men og fordi du som vår tilsynsperson er den einaste formelle kontakt kommunen har med heimen, me spør mellom anna fordi fleire i lokalsamfunnet kjem fram med slike spørsmål til kommunen sine folk. Det er ei ganske stor uro når det gjeld barna si sosiale utvikling: Dette bygger på at dei er lite saman med andre menneske i lokalsamfunnet, og når dei er med, blir det registrert åtferd og uttaler frå
12