--- Denne side:  Side-235-Hekseboken-2008.html  

<----- Forrige side ( ekstern ) ----- Index-Hekseboken-2008.html ( ekstern ) ----- Neste side: ( ekstern ): ----->   

---------
------        
<---
             
 

23.10.95), vedlegg 2. Det er no avtalt tilsynsbesøk fredag den 23. november kl. 12:00.


  1. VURDERER SKULEMYNDIGHEITANE SITUASJONEN SLIK AT

VILKARA FOR HEIMEUNDERVISNING ER FOLGDE OPP?


Bakgrunn for eit svar: Det er stor usemje om kva opplæringslova krev i samband med slike tilsyn. Fagfolk som familien stør seg på, har eit heilt anna syn på kva ein skal sjå etter og korleis ein skal krevje at heimeundervisninga går føre seg.


Heilt frå familien kom til Ølen (gamle kommune), har det vore klart at me i denne saka har to val: Anten å stille klåre og strenge krav til innhald og struktur i heimeundervisninga og i tilsynet - og få full konflikt - slik det har skjedd andre stader, eller å vere noko meir pragmatiske og behalde ein viss grad av kontakt og kommunikasjon. Med Marta Straume som vår tilsynsperson vil De sjå at det er siste alternativ som har vore valt. Me har sett frå saker i anna kommune at familien opplever seg forfylgd og kjem i stor konflikt.


Dei signala me har fått frå tilsyn og elles (mellom anna frå barna si deltaking i kulturskulen) har overtyda oss om at barna er flinke og lærar mykje. Dei lærer tidleg å lese, er flinke i musikk og les litteratur (t.d. filosofi) som ligg langt over det elevar I den offentlege grunnskulen får med seg. Dei får og kunnskap om mykje praktisk med planter og dyr gjennom det dei gjer på garden. Me har inntrykk av at familien sin filosofi er å lære gjennom det vanlege livet som skje på garden, gjennom lesing av det dei er interesserte i, ved å søke internett m.m. Sjølv om me då må rekne med at det er mykje frå læreplanane dei ikkje får med seg, er ikkje vår uro sterkast når det gjeld det skuelfaglege. Men me har på mange måtar uroa oss over barna si utvikling når det gjeld sosial kompetanse. Her står dei nok ein del tilbake målt med vår oppfatning av kva slik kompetanse inneber. Foreldra vil seie me lova som referanse at det viktigaste er å gjere barna til "gagns menneske" . Og dei meiner at dei gjer det med si ideologiske tilnærming.


Vurdering: Me vurderer at det tilsynet som har vore, har vore det som me meinte me kunne oppnå utan å få ein full konflikt. Det opplegget me har hatt, vart drøfta med utdanningsdirektøren ved tilsynsbesøk i Ølen kommune 30.10.2003. I rapporten etter besøket er temaet omtala slik:


Heimeundervisning

Kommunen har oppfølgingsansvar for tilsyn med heimeundervisning i ein familie i kommunen. Det blir lagt vekt på god dialog med dei føresette, m. a. i samanheng med engasjement av ekstem tilsynsperson. Samtidig er kommunen opptatt av å ta det formelle tilsynsansvaret sitt på alvor, i tråd med intensjonane i Opplæringslova.


GRUNNLAGSDOKUMENT FOR SVEIOMODELLEN UTOVER "MOMENTLISTE"? Kommunen har ikkje utvikla noko grunnlagsdokument utover "momentliste".


DOKUMENTASJON FRÅ ANDRE KOMMUNAR?

Tidlegare Ølen kommune og no Vindafjord kommune har ikkje gått inn i kva andre kommunar har gjort i denne saka ut over at me har registrert at det har vore store juridiske konfliktar og rettssaker. Mykje av dette er dokumenter på internett, sjå t.d.


http://home.online.no/-hunwww/Sdnr00.htm


OPPLYSNINGAR SOM ER RELEVANTE FOR BARNA SIN OMSORGSSITUASJON (UTOVER DET SKULEFAGLEGE)?

Skulesektoren har ikkje meir info i denne saka enn det som tidlegare er oversendt til barnevemet.


Me kan opplyse at det i november 2005 kom ei bekymringsmelding til underteikna som var stabsrådgjevar skule i Ølen kommune. Denne vart formidla til rådmannen som heilt på slutten av si tid som rådmann prøvde å gjere vidare undersøkingar. Det vart ikkje


Side 2 of 3


---> 

---


<----- Forrige side ( ekstern ) ----- Index-Hekseboken-2008.html ( ekstern ) ----- Neste side: ( ekstern ): ----->  

---