-- 20100416-fra-Gulating-lagmannsrett-ang-lyd-opptak.html         --- BREVENE ( ekstern ) ---      

Kopi / avskrift - RLH:  Denne brevet ankom med posten 17.04. 2010.  



Dok 202      

Fra:
Gulating lagmannsrett


Til:
Rune L. Hansen
Tindeland
5568 Vikebygd


Dykkar referanse:       Vår referanse:  09-023220AST-GULA/AVD2          Dato:  16.04.2010

Merknader til opplysningar om lydopptak under ankeførehaving
Rune Leander Hansen - Rogaland statsadvokatembeter

Av m.a. Dykkar brev 6. april 2010 ( ekstern ) med vedlegg til Noregs Høgsterett går det fram at De under ankeførehavinga i straffesak 09-23220 i Folkets Hus i Stavanger, i løynd gjorde lydopptak i rettsalen dei tre dagane førehavinga gjekk føre seg.

Dette ludopptaket vart gjort etter at søknad om offentleg opptak på førehand var avslegen og at De i tillegg på spørsmål frå rettens leiar uttalte at De ikkje gjorde opptak.

Eg legg til grunn at det å ta lydopptak i løynd etter at De hadde uttalt at De ikkje gjorde opptak, var eit alvorleg tillitsbrot i høve til alle andre som var med under førehavinga dei tre dagane. Det må føresetjast at skal det gjerast ludopptak under rettsmøte og pausar, må det godkjenning til frå retten si side. Partar, advokatar, aktor, lagrettemedlemer, medlemane i retten hadde eit rimeleg krav på å få uttala seg til spørsmål om det skulle vera høve til å gjera lydopptak. Vitne og sakkunnige måtte i tilfelle gjerast kjent med at vart gjort opptak.

Det er særs krenkjande at opptaket vart gjort i løynd slik at t.d. samtaler som kunne vera meint til å vera t.d. mellom klient og advokat, kan koma uvedkomande for øyra. Det var heller ikkje mogleg å verja seg mot avlyttinga då ingen andre enn De viste kvar opptakarutstyret var.

I brev 29. mars 2010 ( ekstern ) uttalar De at lydopptaket vart gjort i naudverje. Til dette med naudverje vil eg for det første peika på at De ein gong ikkje prøvde spørsmålet om å få ta privat lydopptak under ankeførehavinga. Heller ikkje etter at spørsmålet om De gjorde opptak vart reist. Dinest må det nemnast at De hadde forsvarar. Til sist peikar eg på at det er tale om eit ope rettsmøte der almenta og personar som De har tillit til kunne ha møtt for å få med seg det som gjekk føre seg dei tre dagane. Etter mitt syn låg det fifor ikkje føre tilhøve som gav grunnlag å gjera opptak i naudverje.

Statsadvokat Tormod Haugnes og advokat Trond Hjelde får kopi av dette brevet.

Gulating lagmannsrett

Ove Midttun  ( + underskrift og stempel )
lagdomar


---


Adresse:
Postadresse:
Gulating lagmannsrett, Postboks 7414 Bergen.
Kontoradresse: Bergen tinghus, Tårnplassen 2.
Sentralbord: Bergen: 55699500. Stavanger: 51899880.
Telefaks: 55699501.
Sakshansamar: Hildur Engeland Staalesen. Telefon: 
Ekspedisjonstid: 08.30 - 15.00.
Organisasjonsnummer:
Internett: http://www.domstol.no/gulating/  
E-post: gulating.lagmannsrett@domstol.no  


---