-- 20090910-Spesialisterklaering-dr-Tungesvik-RLH.html --- Dr-Tungesvik-index.html ( intern ) --- BREVENE ( ekstern ) --- dbn-rlh ( intern ) ---
Kopi / avskrift, RLH pr. 14.09.2009: Kopi av originalen ankom meg i dag pr. e-post ifra advokat Brynjar Melings kontor.
Side 1 av 2:
Dr Hans Olav Tungesvik
Spesialist i psykiatri
Boks 25, 5594 SKÅNEVIK
e-post: hans.olav@tungesvik.net
Mobiltlf. 480 75 235
Skånevik, 10.09.09.
Spesialisterklæring
Vedrørande Rune Hansen, f.nr. 061255 ***** (rlh: anonymisert), adr. 5568 VIKEBYGD, Vindafjord
Det blir vist til Spesialistvurdering herfrå av 03.04.09 ( ekstern ),
der det vart konkludert med at det etter 3 inngåande samtaler med
Rune Hansen ikkje hadde vore mogeleg å påvisa psykotiske
symptom eller trekk. Det vart peika på at Rune Hansen har ein
særeigen personlegdom, men det vart ikkje sett nokon annan
diagnose på hans tilstand då. Konklusjonen i
erklæringa var at det synest å vera grunnlag for å
oppheva tidlegare schizofreni-diagnose, men at Rune Hansen har ei rekke
særeigne karaktertrekk som ikkje fell inn under psykoseomgrepet.
Underskrivne har seinare fylgt med i ein del av det arbeidet Rune Hansen har gjort i samband med anke av dom i Haugaland tingrett avsagt 08.05.09 ( ekstern ) vedrørande dagleg omsorg og samværsrett med felles born.
Rune
Hansen har i denne tida vore svært aktiv og produktiv med omsyn
til skriftleg dokumentasjon og vurdering av det som gjeld ankesaka og
forholdet til ektefelle og born. Han har sendt mange skriv i form av
e-post til sin advokat, Brynjar Meling, og ei rekkje av desse skriva
har blitt sendt i kopi til underskrivne. I stigande grad har eg
blitt merksam på at Rune Hansen har valt ein ordbruk og
formuleringar som inneber sterke karakteristikkar både av
tidlegare ektefelle, av hennar advokat og av fagpersonell på
ulike nivå som har vore inne i saka. Formuleringar og ordval har
vore så særeigne at det synest vera grunnlag for å
karakterisera ein del av dette som paranoid.
Ut frå samtale
med Rune Hansen 08.09.09 gir han klårt uttrykk for at dei fleste
av desse formuleringar er uttrykk for hans eigentlege meining, og at
det derfor ikkje fell naturleg for han å moderera noko på
dette. Han innser at det kunne vera mogeleg å få sagt noko
av det same med andre ord, men han er redd for å svekke alvoret i
situasjonen slik som han opplever han.
Av ord og vendingar som
underskrivne har påpeika og gitt han råd om å finna
alternativ til, er t.d. fylgjande:
"Motparten
har ikke villet forholde seg anstendig til lov og rett og fakta,
og har heller ikke villet ha likeverdige forhold. Men har latt seg
styre av, og har styrt andre med hysteri, lovstridigheter, løgn,
frykt og fristelser."
"Ingenting av alt dette som
motparten iherdig på kriminell vis forsøker å
frarøve barna og familien, går hos far tapt eller er til
skade for noen. Den kriminelle trussel fra Iren K. Hebnes, leder for
den kommunale barneverntjenesten, er ikke og skal ikke være basis
for noe annet. Iøvrig ville noe annet ha vært en
videreføring av trakasseringen og terroren fra Iren K. Hebnes."
"Motpartens
psykiske og moralske svakheter, som barna er skadelidende under, er
ikke hensyntatt. Hennes naturlige ønske om å ha barna i
sin nærhet gir seg mange egoistiske, lovstridige og umoralske
uttrykk. Dette har skadet og skader både far, barna og familien."
Side 2 av 2:
Utan
at underskrivne kjenner formuleringar og ordval i det som Rune Hansens
eks-ektefelle sin advokat, Trond Hjelde har uttala og gjort i saka,
ville underskrivne finna det svært overraskande om det var
grunnlag for slike formuleringar frå Rune Hansen si side:
"Han
har sjikanert, latterliggjort og hånet de største verdier,
som om det er en lek og ubetydeligheter det hele dreier seg om"
"Advokat Hjelde har slik styrt og styrer Trude nokså
fullstendig, efter eget hode og forgodtbefinnende - til stor skade og
ødeleggelse for hele familien og hver enkelt i familien og til
stor skade i forhold til lov og rett og samfunn. Trude følger
redd, slavisk og fristet advokat Trond Hjeldes oppskrift. Som en
marionett, som en dukke. Han styrer Trude med skremsler, frykt,
løgn og fristelser."
Dette er utvalde avsnitt frå Rune Hansens 16-punkt notat med tittelen "Det rette fokus" ( ekstern ).
Dette er datert 04.09.09.
Gjennomlesing
av dette notatet gir meg som fagperson assosiasjonar til WHO sin
internasjonale klassifikasjon av sjukdomar og skader frå 1992,
der det under personlegdoms- og åtferdsforstyrringar hos vaksne
mellom anna heiter under diagnosen F 60.0 Paranoid
personlegdomsforstyrring:
"Personlighetsforstyrrelse
kjennetegnet ved overdrevet følsomhet for krenkelser, manglende
tilgivelse ved fornærmelser, mistenksomhet og
tilbøyelighet til å forvrenge erfaring ved å
oppfatte andres nøytrale eller vennlige handlinger som
fiendtlige eller hånlige ..... en kamppreget og innbitt holdning
til personlige rettigheter er vanlig."
Det synest
vera rimeleg samsvar mellom den omtale av tilstanden F 60.0 og dei
uttrykksformer Rune Hansen nyttar i sine ulike notat. Det er
såleis grunn til å frykta at hans språkbruk
ytterlegare ville kunna svekka tilliten til hans evner til å
fungera som far. Dette er imidlertid ikkje underskrivne si vurdering,
snarare kan det vera eit formildande omstende at han - når han
møter ytre motstand i tema som for han er svært viktige -
kjem i skade for å bruka ord og vendingar som ligg langt unna
hans veremåte og arbeidsmåtar i det daglege livet i heimen
og i høve til borna.
Underskrivne har hatt samtalar med 3
av borna, Idun, Frøydis og Stauda, og dei uttrykkjer der mange
positive ting i tilhøve til far. No er det ei kjent sak at
Frøydis og Stauda har budd hos far i nokre månadar, og
underskrivne har ikkje blitt kjent med noko som skulle tyda på at
dei lir overlast eller har blitt påført negative fylgjer
av å bu hos far. Men det er eit faktum at dei får
nokså einsidig påverknad ved å vera så og seia
berre saman med far som vaksenperson, jamvel i det som gjeld skulegang.
Sidan ektefellene har skilt lag, ville det vera svært ynskjeleg
å finna løysingar som kunne medverka til at borna fekk
romsleg samvær med begge foreldra, det kunne t.d. skje ved at
nokre av borna bur permanent hos mor og nokre permanent hos far.
Så kunne dei som bur med mor, få faste
samværsordningar med far, og dei som bur hos far, få faste
samværsordningar med mor. Sidan foreldra bur såpass
langt frå kverandre, vil truleg ei ordning med delt omsorg og
halve tida hos kvar av foreldra vera vanskeleg å
gjennomføra i praksis.
Konklusjon.
Jamvel
om Rune Hansen synest å ha ei personlegdomsforstyrring med
paranoide trekk, er det ut frå underskrivne psykiater si
vurdering ikkje grunnlag for å seia at han er ueigna som
omsorgsperson for borna sine. Han har ei rekkje positive
eigenskapar som kan nyttast til å tilføra borna gode
livsverdiar.
Skånevik, 11.09.09.
Hans Olav Tungesvik ( + underskrift )
---