-- 20101220-Svar-brev-Melding-om-vedtak-fra-NAV-til-RLH.html  --- BREVENE ( ekstern ) - NAV-brevene-index.html ( ekstern ) --- dbn.html  ( ekstern ) ---

RLH: Dette svar-brev datert 20.12. 2010 med "Melding om vedtak" ankom meg med posten 23.12. 2010 fra Nav Vindafjord, som svar på min Klage til de datert 07.12. 2010 ( intern ). Dette Nav sitt svar-brev til meg og mitt nye brev til NAV Vindafjord datert 22.12. 2010 ( intern ) har dermed krysset hverandre. Og dette deres svar-brev er en grov kriminell forbigåelse av gjeldende norsk lov. Og det er også falsk dokumentasjon og trakassering. Som tidligere fra NAV sin side i hele dette saks-komplekset.


Ikkje offentleg  
Fra:
NAV Vindafjord,
Helgevoldgården,
Postboks 3,
5589 Sandeid

Til:
Hansen, Rune Leander
Årvik,
5568 VIKEBYGD

Søknad av:        Arkiv:  10/616 - 3 / Sakshandsamar: LDF     Dato:  20.12.2010


Melding om vedtak


Klage på søknad om dekking av straumrekning og ved - ny vurdering av søknad
Hansen, Rune Leander, født: 06.12.1955  


Bakgrunn for saka:

Den 20. november søkte Rune Leander Hansen om å få dekka ein straumrekning på 520,- og kjøp av ved. Då han fekk avslag på begge delar frå Nav Vindafjord klaga han. Nav Vindafjord foretar med dette ei ny vurdering av saka med bakgrunn i Rune Hansens klage
( intern ).


Vedtak:


Med heimel i Lov om sosiale tenester i Nav § 18 vert det vedteke følgjande:

1. Vedtaket om avslag på søknad om støtte til straumrekning oppretthaldes. 

Med heimel i Lov om sosiale tenester i Nav § 19 vert det vedteke følgjande:

2. Vedtaket om avslag på søknad om støtte til ved oppretthaldes.


Grunngjeving for oppretthalding av vedtaket:

Rune Hansen søkte den 12. november 2010 om ved (spesifisert til ca. 6000,- i klagen) og dekking av ein straumrekning på 520,- Over lengre tid har Rune Hansen slitt med store

((side 2 av 2:))

bidragstrekk grunna bidragsgjeld. Men no er bidragsgjelda nedbetalt, og Rune Hansen kommer vesentleg betre ut av det kvar månad. I Nav Vindafjords vedtak ble avslaget grunngjeve ut i frå eit reknestykke som viste kva Rune Hansen har til overs kvar månad.
Reknestykket gjengis her:

Rune Hansen har ein uførepensjon som utgjer om lag 28 800,- brutto kvar månad. Frå dette skal det trekkast bidrag på 8410,- og skatt på ca. 5600,-. Totalt har Rune Hansen då utbetalt ca. 14 700,- kvar månad. Av faste utgifter har Rune Hansen husleige på rundt 1500,-, straum på ca. 1000,-, og i tillegg skal han ha 5197,- til eiga livsopphald. Dette utgjer ca. 7700,- i laupande utgifter kvar månad. Med ein månadleg utbetaling på om lag 14 700,-, og 7700,- i laupande utgifter, skal Rune då ha 7000,- igjen kvar månad.

Rune Hansen skriv i klagen at sjølv om inntekta hans har økt grunna nedbetalt bidragsgjeld, er dette ikkje nok. Nav Vindafjord arbeider ut i frå minstesatsar, og vurderar forholda ut i frå om den enkelte har nok til dei mest naudsynte, laupande utgiftene. Om 14 700,- ikkje er nok i månaden for Rune Hansen, har Nav Vindafjord tatt si vurdering ut i frå sosialhjelpssatsar, kor konklusjonen er at Rune Hansen har tilstrekkeleg til å klara dei utgiftene sosialtenesta vurderar som naudsynte. I tillegg til dette har Rune Hansen også ein del pengar til overs kvar månad.

Etter sosialtjenesteloven skal einkvar som ikkje har moglegheit til å dekka det sjølv, få dekka livsopphald, husleige og straum. Som nemnt utgjer desse utgiftene 7700,- for Rune Hansen kvar månad. Når Rune Hansen i tillegg har ca. 7000,- til overs etter at dei laupande utgiftene er betalte kvar månad, meiner Nav Vindafjord at Rune Hansen ikkje har rett på å få dekka sin straumrekning på 520,-, då dette er noko han skal ha pengar til å dekkja sjølv.

Rune Hansen søkte også om ved. Først i klagen blei det spesifisert kor mykje ved Rune Hansen ynskja, (se klage: 5 favner x ca. 1.200,-). Avslaget er grunngjeve i at Rune Hansen har nok pengar til overs kvar månad til å kunne kjøpa seg ved sjølv. I tillegg vil Nav Vindafjord understreka at 5 favner ved er noko Rune Hansen kunne kjøpt over ein lengre periode, som ville gjort at ein slik utgift blei fordelt over fleire månader, og dermed vert meir overkommeleg.

Nav Vindafjords oppretthalding av vedtaket er satt med bakgrunn i reknestykket som er presentert innleiingsvis. Nav Vindafjord meiner at når Rune Hansen har ca. 7000,- til overs etter at han har dekka sine laupande utgifter, er både vedkjøp og straumrekning noko han må kunne klara å dekka sjølv.



Sandeid, 20.12.2010


Laila Thorsen                                      Linda Dehlin Fluvåg   (( + underskrift ))
Leiar NAV                                           Sosialkonsulent



---


Adresse:
NAV Vindafjord,       Telefon:  815 81 000. Fax:  520 48 711.   E-post:  nav.kundesenter.rogaland@nav.no
Helgevoldgården,
Postboks 3,
5589 Sandeid
---






---